Hopp til innhold
X
Innhald

Vikafjellsvegen

Vikafjellsvegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikafjellsvegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikafjellsvegen og riksveg 13 vart lenge rekna som hovudvegen for Sogn og Fjordane mot Bergen. Men Vikafjellsvegen er ein høgfjellsveg som var stengd i lange bolkar om vinteren. På 1990-talet tvinga difor den kortare låglandslina gjennom Matre og Gulen seg fram som line for den vestlandske stamvegen. Sidan har Vik kjempa for å gjere Vikafjellsvegen til heilsårsveg ved å sprengje tunnelar under dei mest verharde punkta på høgfjellet.

Over 100 år frå idé til realitet

Frå eldgamle tider var det kløvjevegar over Vikafjellet til Voss (sjå Gamle ferdsle- og driftevegar i Balestrand), og kravet om køyrande vegsamband over fjellet finn vi første gong i 1848, då vegkomiteén i fylkestinget tilrår vegen bygd.

Vegen vart stukken og kostnadsrekna, men prosjektet vart stoppa av amtmannen (fylkesmannen) i Hordaland. Planen levde likevel vidare, og var framme i fylkestinget både i 1857, 1875, 1878 og i 1884 utan det vart gjort noko konkret. På begge sider av fjellet skreiv grunneigarar i 1877 under på at dei ville avstå fri grunn til vegen.

Militæret og Vikafjellsvegen

Kravet fekk ny styrke etter at Viksmoen vart øvingsplass for Sogns Bataljoner. I 1895 bad fylkestinget om at Stortinget løyvde pengar over ein fireårsperiode slik at Vikafjellsvegen vart bygd, men Stortinget avslo. I 1898 flytta militæret for Viksmoen til Bømoen på Voss, men endå bitrare var det nok for vikjene at Stortinget i 1923 vende tommelen ned for at det vart bygt jernbane frå Voss til Vik («Jernbaneplanane i Vik»).

Frå arbeidet med bygginga av Vikafjellsvegen, truleg sommaren 1939. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Bø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå arbeidet med bygginga av Vikafjellsvegen, truleg sommaren 1939. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Bø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Anleggsstart i mellomkrigsåra

I dei harde kriseåra på slutten av 1930-talet vart det sett i gang arbeid på Vikafjellsvegen for å sysselsetje arbeidslaus ungdom. Tilsvarande arbeidsleirar fanst også på Sognefjellsvegen (sjå Samferdsle i Luster). Arbeidsleiren starta i 1938 med 60 ungdomar. Men arbeidet i Bøadalslidi i Vik tok slutt då 2. verdskrig braut ut i 1940.

Internasjonal arbeidsleir

I 1948-1949 vart det m.a. etter opptak frå studentar i Bergen organisert ein internasjonal studentdugnad på Vikafjellsvegen. Dette var ei ressurssterk gruppe som skapte mykje merksemd kring seg (sjå m.a. Kristian Ottosen), og 1950 kom Vik-Voss-vegen endeleg med på statsbudsjettet. (sjå elles om internasjonal arbeidsleir i Feios). Utflytte vikje, seinare stortingsmann Finn Øen i Bergen, var svært aktiv for å få arbeidsleirane i stand.

Samferdsleminister Kolbjørn Varmann opnar Vikafjellsvegen i 1957. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Samferdsleminister Kolbjørn Varmann opnar Vikafjellsvegen i 1957. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Drosja til Per Breilid vart første bilen som køyrde heile vegen over Vikafjellet, 1. september 1956. Frå venstre Kjerstine Vange, John M. Tenold, Kari Aase Seim, Olav J. Vange og Kirsten Vange. Foto frå Pridlao, eigar Per Breilid/Vik lokalhistoriske arkiv.

Vegen var køyrande sommaren 1956, men offiselt opna av samferdsleminister Kolbjørn Varmann (sjå Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950) i 1957. I 1966 vart det bygd eigen bensinstasjon oppe på fjellet. Den vart brukt både av turistar og av køyrety som arbeidde på kraftanlegga (sjå Vikfalli).

Vikafjellsvegen den gongen folk måtte køyre rundt Storehaug.

Vikafjellsvegen den gongen folk måtte køyre rundt Storehaug.

Krav om heilårsveg

Vikjene har sidan arbeidd aktivt for å gjere Vikafjellsvegen til heilårsveg. Eit viktig steg mot heilårsopning var den 1044 meter lange tunnelen gjennom Storehaug i 1984.

Tunnelen gjennom Storehaug vart opna i 1984. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tunnelen gjennom Storehaug vart opna i 1984. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hausten 1999 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane at det skulle krevjast inn bompengar på fergesambanda Hella-Vangsnes-Dragsvik til utbetring av Vikafjellsvegen med sikte på at den kan verte heilårsveg. Vedtaket vert sett i verk når linevalet for heilårsvegen er fastlagt.

Vikafjellsvegen på Vossesida. Frå Hola går vegen i hårnålsvingar opp på fjellet. Her er det planar om å leggje vegen i ein lang tunnel for å gjere Vikafjellsvegen til ein trygg heilårsveg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.06.2011