Hopp til innhold
X
Innhald

A. Osmundsvaag

Ein av båtane til A. Osmundsvaag, Vital, på sildefiske.

Ein av båtane til A. Osmundsvaag, Vital, på sildefiske.

A. Osmundsvaag vart grunnlagt i 1907 av Andreas Osmundsvaag. Han kjøpte m.a. ei fiskebu på Sæternes av fiskebåtreiar og fiskehandlar L.P. Lefdal.

Osmundsvaag dreiv fiskeeksport, trandamperi og fiskebåtreiarlag, og hadde kring 1. verdskrig avdelingar langs kysten frå Gulen til Kristiansund, og 13 fraktebåtar i sving. Då grunnleggjaren drukna i 1921, overtok sønene Anfinn og John selskapet.

På 1950-talet eigde reiarlaget storsnurparane «Vital» og «Vitaco», og på 1960-talet kraftblokksnurparen «Gambler». Selskapet bygde på 1950-talet felles sjøbu med Kvalheim & Co.. Dette var lenge den største fiskebua i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010