Hopp til innhold
X
Innhald

Agnes Skjeldestad Svendsen

Forretningsbygget der manufakturforretninga til Svendsen heldt til. No er det overteke av Sogn Kontorsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget der manufakturforretninga til Svendsen heldt til. No er det overteke av Sogn Kontorsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Agnes Skjeldestad Svendsen og ektemaken Halvdan F. Svendsen starta landhandel i Sogndal i 1919. Butikken vart kalla Svendsenbui. Agnes var dotter til Endre Ø. Skjeldestad frå Valdres som kom til Sogndal i 1860. Han er også registert som handelsmann.

I tillegg til daglegvarer vart det også selt tøyvarer i Svendsenbui. Manufaktur vart etter kvart det viktigaste for Agnes og Halvdan Svendsen. Sonen Fredrik Svendsen og kona Kirsten f. Eide tok seinare over. Forretninga var i drift til ut på 1990-talet.

Sogn Kontorsenter held no til i forretningsbygget til Svendsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010