Hopp til innhold
X
Innhald

Aksel Bruvik

Aksel Bruvik var eit byggevarefirma i Bergen som m.a. bygde ferdighus. I 1969 starta dei avdeling i Førde. Dei første åra hadde dei trelastlageret sitt i det nedlagde slakteriet til Vestlandske Salslag på Halbrend, før firmaet flytta over i eit industrihus som SIVA – Statens Industrivekstanlegg – bygde på Øyrane.

Då Aksel Bruvik trekte seg ut av engasjementet i Førde i 1985, overtok tilsette under leiing av Arthur Holsen og dreiv avdelinga på Øyrane ei tid under firmanamnet HVH-hus, men gjekk konkurs i 1991.

Joar Viken frå Viksdalen starta etter ei tid Bygg og Bo AS med sal av ferdighus, men la ned kring år 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010