Hopp til innhold
X
Innhald

Aksel Sjurson Grønhaug

Aksel Sjurson Grønhaug bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.

Han dreiv også snikkarverkstad der han framstilte dører, vindauge og trapper. I Ervik hadde det vore sag sidan 1626.

Grønhaug vart også dampskipsekspeditør i grenda. Han gjekk konkurs i 1886, og Ole T. Torvik og familien hans tok eigedomane og arbeidet som ekspeditørar.

I 1883 fekk Erik Hagenes leige seg rom i sagbruket til ein liten landhandel, og i 1904 starta Thormod Melvær Ervik Saftkokeri i bygningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2010