Hopp til innhold
X
Innhald

Albert E. Vereide

Albert E. Vereide, slaktar, kjøpmann og politikar for Høgre i Gloppen, Sogn og Fjordane.

Albert E. Vereide var fødd i Gloppen 20. september 1914 og døydde i Gloppen 2. desember 1988. Vereide gjekk i lære som slaktar hjå slaktar Skaflestad i Florø. Han starta firmaet Albert E. Vereide i 1946, som seinare blei overteke av sonen Alf Erik Vereide, og er mest kjend som Vereides Matsenter 

 
Vereide var samfunnsengasjert. Frå 1968 til 1983 var han medlem av kommunestyret i Gloppen for Høgre. I ein periode var han varaordførar. Frå 1965 til 1973 var han formann av Norges Automobilforbund (NAF) Nordfjord. 

Kjelder
Ottar Starheim: «Albert E. Vereide» i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, bind II. Førde 2009.
Samtale med Turid B. Vereide og Alf E. Vereide 22.3.2017.
E-post frå Turid B. Vereide 29.3.2017.
Brev frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 11.5.2017

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.06.2017