Hopp til innhold
X
Innhald

Albert Eikefjord

Eikefjord Handel og Statoil-stasjonen i Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikefjord Handel og Statoil-stasjonen i Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Albert Eikefjord var kring 1900 ein av fleire i Eikefjord som skipa aksjereiarlag og dreiv fiskedampbåten «Kverve».

Albert dreiv seinare fiskebåtane «Notholmen» og «Eikefjord». Han bygde også tønnefabrikk i kring 1930. Den vart driven med opptil ti tilsette heilt til 1956 av sonesonen Leidulf Havn.

Son til Albert Eikefjord, Olav Havn, kjøpte landhandelen til H. Svarthumle i 1939. Han overtok forretningseigedomar etter Ola Eikefjord og starta mekanisk verkstad og bensinstasjon. Kona Asbjørg starta «Eikefjord manufaktur» i 1951. Sonen Arve Havn overtok i 1976, er bilforhandlar og driv Eikefjord Handel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.05.2010