Hopp til innhold
X
Innhald

Alda Camping og Hytter

Alda Camping og Hytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alda Camping og Hytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jakob Sageflåt i Olden var ein av dei første i landet som starta campingplass då han like før 2. verdskrig tok i bruk eit område på sørsida av elva ved Oldeøyra til campingplass. Krigen og magre etterkrigsår gjorde at han ikkje tok opp att drifta før i 1958, då under namnet Øyra Camping. Han bygde dei første hyttene i 1964.

Etter nokre år vart namnet endra til Alda Camping og Hytter. Sonen Per Sageflåt har eigd campingplassen sidan 1971. I dag har campingplassen ved Oldeøyra 14 hytter og oppstillingsplass for 30 vogner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.01.2010