Hopp til innhold
X
Innhald

Alex Refvik

Klippfisktørkeriet til Alex Refvik heldt til i den raude bygningen til venstrei biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klippfisktørkeriet til Alex Refvik heldt til i den raude bygningen til venstrei biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fisketilvirkarfirmaet Alex Refvik på Raudeberg vart grunnlagt i 1945 av Alex Refvik. Han dreiv først med daglegvarehandel og produksjon av fiskemat, men slo seg seinare saman med Ernst Halsør til firmaet Halsør og Refvik A/S.

Alex Refvik bygde seinare sitt eige klippfisktørkeri. Dette vart i 1979 overteke av Domstein-gruppa. Deler av dette bygget har dei siste åra vorte nytta som daglegvarebutikk av Kiwi-kjeda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010