Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Helgheim

Forretninga til Alf Helgheim på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga til Alf Helgheim på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alf Helgheim starta i 1946 ur-, optikk- og fotoforretning på Helgheim med firmanamnet Alf Helgheim & Co. Han tok til å handle med daglegvarer i tillegg i 1970.

I 1987 bygde han ny forretningsgard på Skei og flytta dit. Sparebanken var først leigetakar i dette bygget, men banken kjøpte det etter nokre år, og Helgheim vart sjølv leigetakar der inntil butikken vart flytta til ein forretningsgard som Jølster Samyrkelag bygde.

Sonen Reidar Helgheim tok over forretninga då Alf pensjonerte seg. Forretninga selde i utgangspunktet ur, optikk, foto, video, gull- og sølvvarer. Men i 2013 kutta Helgheim ut gull- og sølvvarene, m.a. på grunn av innbrot i butikken og satsa på å profilere seg meir som fotobutikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.05.2013