Hopp til innhold
X
Innhald

Alv Aalen

Forretningsbygget som Aalen reiste i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Aalen reiste i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alv Aalen overtok i 1924 ein landhandel som var starta nokre år tidlegare på Bryggja av ein Sjølset. Svogeren til Aalen, Jens Aasen, dreiv også butikken ein kort periode før Aalen overtok.

I 1960 bygde Aalen nytt forretningsbygg, og same året overtok sonen Oddmund butikkdrifta under firmanamn Alv Aalen Eftf.

I 1998 overtok sonen Arve Aalen daglegvarebutikken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010