Hopp til innhold
X
Innhald

Anders A. Seim - landhandel

Anders A. Seim starta landhandel i Vik i 1924, etter først å ha vore styrar ved Viks Forbruksforening.

Han dreiv til 1932, då Rolf Johnsen kjøpte butikken og starta assortert landhandel i Hove-bygget (sjå Johs. Hove AS ) i Vik i 1932. Johnsen var forhandlar for Stor- og Vårsildlaget, og selde difor store mengder sild i sildesesongen om vinteren. Butikken vart driven fram til 1971, då Thune & Co. leigde lokala til utstillingar. Sidan har det vore fleire handelsaktivitetar i bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2008