Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Flaten

Frå Flatenbua, truleg på 1950-talet. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Frå Flatenbua, truleg på 1950-talet. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Anders Flaten (1892–1956) frå Jølster starta landhandel i ei sjøbu (Schultz-bua) saman med to kompanjongar like ved Hafstad Hotell. I 1930 flytta han forretningane dit etterkomarane, sonen Helge Flaten og sonedottera Birgitte Flaten Steinhovden, sidan har drive Glasmagasinet Flaten.

Forretninga var ei stund med i ei kjede og hadde i 2010 namnet Flaten Til bords, men eigarane gjekk ut av Til Bords-kjeda i 2012, og butikken fekk då namnet Flaten Boutique.

Ein annan son til Anders, Magnar Flaten, dreiv ei tid på 1970-talet landhandel i eit lokale i Halbrendslia.

Flaten Tilbords. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Flaten Tilbords. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2012