Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Mattiasson Åland

Butikken på Hopland i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken på Hopland i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders Mattisson Åland starta landhandel på Hopland i 1905. Truleg er dette den same Åland som starta forretning på Nordfjordeid i 1888? (sjå Hildenes gartneri – Eid kommune).

I 1908 selde han til Peder Jonsson Hopland. Same året vart han telefonstyrar og vart tilsett som dampskipsekspeditør i 1911. Han bygde kai og nytt forretningsbygg i 1920. Sonen Bjarne tok over eigedomen i 1956 og utvida og moderniserte forretninga.

Butikken vart lagd ned i 2009. Siste eigar var Per Helge Hopland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2010