Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas E. Sølvberg

Byggmakker A. Sølvberg. Foto: Ottar Starheim, NRK

Byggmakker A. Sølvberg. Foto: Ottar Starheim, NRK

Andreas E. Sølvberg starta trevarefabrikk og trelastforretning på Visnes i Stryn i 1927. I tillegg til trelasthandel, dreiv Sølvberg produksjon av ulike innreiingsartiklar som dører og vindauge.

I 1957 overtok svigersonen Olav Aarheim og dreiv saman med svogeren Leif Løken fram til sonen til Olav Aarheim, Ola Aarheim, tok over som dagleg leiar i 1985. Frå 1957 dreiv firmaet som vanleg byggevareforretning, og bygde i tillegg hus og hytter for folk i indre Nordfjord. I 1996 vart A. Sølvberg A/S medlem av Byggmakker-kjeda.

A. Sølvberg AS er i 2004 den største byggevareforretninga i Nordfjord, og held til i eit 11.000 kvadratmeter stort forretningsbygg på Visnes.

Firmaet var med i Byggmakker-kjeden fram til 2012 under namnet Byggmakker Sølvberg, men gjekk så over til XL-Bygg, og namnet vart XL-Bygg Sølvberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2012