Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas O. Sunde

Tidlegare Andreas O. Sunde i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Andreas O. Sunde i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andreas O. Sunde starta mekanisk verkstad i Olden i mellomkrigstida. Sunde produserte utstyr for sagbruk og vassturbinar, og dei laga også vassrøyr i tre.

På Muri hadde Sunde bilverkstad og bensinstasjon som seinare vart overteken av dottera Aud og ektemaken hennar, Jostein Drageset. I bygget dreiv dei også ein butikk. Dei la ned bensinstasjonen i 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010