Andreas Wik

Forretningsbygget der Andreas Wik dreiv daglegvarehandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Andreas Wik starta daglegvarebutikk på Raudeberg i 1967. Han utvida forretningsbygget i 1975 og i 1982. Wik dreiv sjølv til 1997, då han selde butikken til Norgesgruppen som dreiv den vidare som Joker- og seinare Spar-butikk til dei flytta over i nye butikklokale i det tidlegare fiskebuanlegget til Alex Refvik. Der vert daglegvarehandelen driven som Kiwi-butikk.

Kiwi Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 07.02.2010