Hopp til innhold
X
Innhald

Åra Laks

AS Åra Laks vart starta på øya Åra sør for Byrknes i 1985 av Hilmar Larsen og Magnar Slettevoll (sjå også under Slettevoll med regnbogeaure).

I 1991 selde dei anlegget til det tyske selskapet Lessinger Holding, som hadde fått fotfeste i norsk oppdrettsnæring med nokre anlegg på Tysnes og Sotra, og dessutan dreiv eit stort røykeri i heimlandet.

I 1998 bytte dei anlegget og konsesjonen på Åra mot eit anlegg som Ove Unneland hadde i Masfjorden, og i 1998 selde Unneland anlegget på Åra til Pan Fish - sjå Ove Unneland og Pan Fish.

Les meir om oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.07.2008