Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal Sparebank

Hovudadministrasjonen til Indre Sogn Sparebank på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudadministrasjonen til Indre Sogn Sparebank på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Sparebank vart skipa i 1907. Fram til 1927 heldt banken til i eit bustadhus på garden Lægreid, der bonden Ole T. Lægreid var kasserar. Heilt fram til 1927 hadde sparebanken på Tangen ope berre eit par timar kvar laurdag.

I 1927 flytta banken frå bustadhuset på Lægreid over i kommunehuset på Tangen. I 1954 bygde kommunen nytt rådhus, og då fekk banken lokale der i lag med med posten og telefonstasjonen. Sparebanken bygde eige bygg i 1969. Banken fekk ikkje administrerande banksjef før i 1951, då Tomas Hæreid vart tilsett. Fram til då hadde styreformennene fungert som administrerande «banksjefar».

Første fastskulen på Årdalstangen. © Årdal Sogelag.

Første fastskulen på Årdalstangen. © Årdal Sogelag.

Gjeldsproblem og krise

A/S Tyinfaldene trappa anleggsaktiviteten sterkt ned på 1930-talet. Banken tapte store pengar på gjeldsnedskriving og konkursar. Massearbeidsløyse og dårleg betalingsevne gjorde at Årdal Sparebank kom i likviditetsvanskar i 1935, og fekk 25.000 kroner i lån frå Sparebankenes Sikringsfond for å kome over kneiken. Samstundes fekk banken sterk konkurranse frå dei to samvirkelaga, som begge tok imot pengar frå innskytarar.

Gamlebanken i Øvre Årdal vart bygd i 1953 og var i bruk til 1971, då nytt bankbygg stod klart. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlebanken i Øvre Årdal vart bygd i 1953 og var i bruk til 1971, då nytt bankbygg stod klart. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under 2. verdskrig førde den store anleggsaktiviteten til sterk vekst, og sparebanken på Tangen kunne ha over ein million kroner liggjande i to enkle pengeskap i banklokalet. Det var difor ikkje utan grunn at funksjonærane tok med pengar og verdipapir heim for å vere på den sikre sida! I 1943 tok banken på Tangen til å ha ope kvar dag, og i Øvre Årdal vart det bankdag ein gong i veka, mot tidlegare kvar fjortande dag. Først då banken flytta inn i eige bygg i Øvre Årdal i 1953, vart det daglege kontordagar der.

Indre Sogn Sparebank

Årdal Sparebank gjekk inn i Indre Sogn Sparebank i 1971 då Årdal Sparebank, Lærdal Sparebank på Lærdalsøyri og Borgund Sparebank på Steinklepp slo seg saman. Hovudkontoret vart lagt til Årdalstangen, og med avdelingskontor i Øvre Årdal, Lærdalsøyri og Borgund. I 1996 skipa banken avdelingskontor i Sogndal, og i 2006 avdelingskontor i Bergen. Indre Sogn Sparebank hadde i 2006 40 tilsette og ein forvaltningskapital på 1,8 milliardar kroner

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2011