Hopp til innhold
X
Innhald

Arkitektfirmaet Olav og Jon Vikøren MNAL

Arkitektfirmaet Jon Vikøren held til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arkitektfirmaet Jon Vikøren held til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arkitektfirmaet Olav og Jon Vikøren MNAL vart starta av dei to brørne i Vik i 1961, og vart bygd ut til det største arkitektkontoret i fylket med opptil 12 tilsette.

I 1996 skilde dei to brørne lag. Olav Vikøren (1923-1999) starta eige firma saman med sonen, arkitekt Anders Vikøren, medan Jon Vikøren (fødd 1931) dreiv sitt eige firma - begge firma med 3-5 tilsette.

Arkitektane Vikøren har m.a. teikna mange offentlege bygg i Sogn og Fjordane, og fått prisar for arbeida sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011