Hopp til innhold
X
Innhald

Arne A. Engen

Guddal Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Guddal Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arne A. Engen starta landhandel i Guddal i 1939. Han overlet seinare drifta til Joveig og Andreas Engen. Då dei gav seg i 1997, tok eit bygdeeigd aksjeselskap over og dreiv vidare under namnet Guddal Nærbutikk AS, som forsynte folk i Guddal med matvarer og drivstoff. I 2002 var dette einaste daglegvarebutikken i Guddalen. Men i 2010 gjekk selskapet konkurs, og butikken vart lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.06.2010