Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Eilertsen og Vestdrett

Arne Eilertsen starta oppdrettsanlegg på Byrknes i 1970. Seinare kom sønene Rune og Øyvind Eilertsen med i verksemda, som også bygde lakseslakteri.

På byrjinga av 1980-talet vart firmaet aksjeselskap under namnet Vestdrett AS. I 1988 kom reiarselskapet Bergesen d. y. inn som medeigar. Anlegget vart selt til Domstein Salmon i 1991 og er i 2002 ein del av Fjord Seafood Norway AS (sjå: Domstein-konsernet).

Les meir om oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2008