Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Kvalheim

Bunkersanlegget til Kvalheim og Måløy Havneservice på Kulen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bunkersanlegget til Kvalheim og Måløy Havneservice på Kulen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arthur Kvalheim tok i 1945 over som oljeforhandlar for Norske Shell i Måløy. Han tok då over anlegget på Kulen etter kjøpmann Arnoldus Lem (fødd 1883) som igjen hadde drive oljelageret etter ein Tuesen. Arthur Kvalheim dreiv også i nokre år trelasthandel saman med Kåre Holvik.

Bunkersanlegget på Kulen forhandla Shell-produkt og vart bygd ut til eitt av dei største i fylket.

Sonen Harald Kvalheim kom inn som medeigar i verksemda i 1972. I 1978 starta han saman med Knut Holvik oppdrettsfirmaet Sjølaks AS. Dei selde anlegget i 1996. Harald Kvalheim kjøpte då naboeigedomen til oljelageret på Kulen og bygde eit nytt anlegg der, Måløy Havneservice AS, og vart lokal forhandlar for Hydro Texaco.

Drifta av det konkurrerande Shell-anlegget gjekk over til Asgeir Solheim. I 2005 kjøpte Kvalheim Møre Bunkers i Ålesund. Både i Måløy og i Ålesund har selskapet eigne, små tankbåtar for føring av olje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2010