Hopp til innhold
X
Innhald

Artic Shipping & Finans ANS

Artic Shipping har hovudkontor på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Artic Shipping har hovudkontor på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ove Vilnes. Foto: Artic Shipping.

Ove Vilnes. Foto: Artic Shipping.

Artic Shipping & Finans ANS er eit reiarlag som vart skipa i Førde i 1989 med Ove Vilnes, Noralv Lekva, Leif Hvidsten og Per Sævik som eigarar. Reiarlaget har spesialisert seg på skip som fraktar varer i bulk til oppdrettsanlegg langs kysten. I 2005 hadde reiarlaget ei omsetning på nærare 15 millionar kroner.

Selskapa Artic Personal AS, Artic Shipping AS og Artic Eiendom AS er no samla under morselskapet Artic Group. Selskapet har basen sin på Øyrane.

I 2012 hadde reiarlaget fem skip og kontraherte det året to nye lasteskip til ein samla verdi på rundt 300 millionar kroner. Når dei nye båtane kjem i drift i 2014 vil det vere arbeid til 80 sjøfolk, i tillegg til 12 lærlingar.

I 2012 kjøpte Ove Vilnes ut dei andre medeigarane i selskapet og vart eineaksjonær.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012