Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Ekvator

Vestnes Produkt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestnes Produkt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Ekvator starta i 1963 produksjon av elektriske varmeomnar i Florø. Verksemda var då flytta frå Oslo, og fekk frå starten 47 tilsette i Florø.

Etter konkurs i 1964, tok El-Nor Industri A/S over og dreiv til slutten av 1980-talet. Etter ein kort periode med INC-gruppa som eigar, overtok disponenten Jostein Bjørnset og familien hans verksemda, og har sidan drive den under namnet Vestnes Produkt A/S.

Dotterverksemda Vestnes Innreiing A/S driv med skipsinnreiing. Denne verksemda har seinare fått namnet Vestnes Ocean AS.

Bjørnset-familien er dessutan medeigar i ei verksemd på Sunnmøre. Selskapa omsette i år 2000 for 35 millionar kroner og har 35 tilsette. Dei to verksemdene fekk i 2006 felles lokale på Evja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.10.2011