Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Gaupne Handelsforening

Coop Prix og Coop Byggmix i Gaupne. Gaupne Handelsforening og Gaupne Samvirkelag vart slegne saman i 1960. Varehuset i Gaupne er no ein del av Coop Vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Prix og Coop Byggmix i Gaupne. Gaupne Handelsforening og Gaupne Samvirkelag vart slegne saman i 1960. Varehuset i Gaupne er no ein del av Coop Vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/S Gaupne Handelsforening vart skipa i 1919, og flytta alt i 1920 inn i eige nybygg. Laget fekk kring 60 medlemer frå starten.

Dei første åra hadde laget ei eiga «svarteliste» for kva varer ein ikkje skulle selje: Tobakk var forbode, og «snop» til ungane skulle ein selje minst mogeleg av!

Eigen smørseljar

Her som elles i samyrkelaga, vart smørhandel ein viktig del av verksemda så lenge folk kinna smør i staden for å levere mjølka direkte til meieri. Brithe Bollingberg vart i 1922 tilsett som «smørsælgerske» på ein slags provisjonsbasis: Ho skulle få tre øre pr. kilo innvege smør!

Inn i KØFF

I 1946 avviste laget ein freistnad på samanslåing med Gaupne Samvirkelag. Også ein freistnad på samanslåing i 1949 fall i fisk. I staden teikna handelsforeninga aksjar i kjøpsmannsorganisasjonen KØFF i 1955.

Samanslåing

Først i 1960 slo dei to «samyrkelaga» i Gaupne seg saman ved at Gaupne Samvirkelag vart oppløyst og eiga overteken av Handelsforeningen. Namnet vart no Gaupne Handelslag. I 1961 vart aksjelaget oppløyst og butikken meldt inn i Norges Kooperative Landsforening.

I 1964 gjekk Høium Kooperative Innkjøpslag inn i Gaupne Handelslag, og i 1965 vart laget ein del av det nyskipa Sogn Samvirkelag. Etter fleire samanslåingar i Sogn og Fjordane og på Vestlandet er varehuset i Gaupne i 2011 ein del av Coop Vest BA (sjå Coop Sogn og Fjordane).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011