Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Jarl Skofabrikk

I tillegg til hjørnsteinsbedrifta Jarl, starta ein del tidlegare tilsette i 1984 Fjaler Sko A/S.

A/S Jarl Skofabrikk vart starta i Dale i 1911, og vart den største arbeidsplassen i Dalsfjorden. Jarl hadde opptil 220 tilsette på det meste, og var den største arbeidsplassen i fylket utanom tungindustrien.

I tillegg til hjørnsteinsbedrifta Jarl, starta ein del tidlegare tilsette i 1984 Fjaler Sko A/S.

Starten var Dale Klogfabrikk

Starten var Dale Klogfabrikk

Skofabrikken frå 1911 hadde eit førespel: Det var Dale Klogfabrikk som starta i 1899 (klogg er snøra sko med tresålar). Bak Dale Klogfabrikk stod ein av dei mest allsidige industrigründerane i Sogn og Fjordane nokon sinne - bergensaren Industrigründeren Johan Jensen. Han busette seg i Holmedal og kjøpt seg gard der. Fabrikken i Dale produserte berre kloggar dei første 12 åra.

AS Jarl tek over

AS Jarl tek over

I 1911 tok Bergens-firmaet G.C. Rieber over som eigar. Firmaet hadde frå før ein skofabrikk med same namn i Trondheim. Samstundes med eigarskiftet gjekk fabrikasjon av sko over frå kloggar til sko med lærsåle. På denne tida flytte nokre svenskar til Dale for å arbeide som maskinistar ved skofabrikken.

Fabrikken i Dale vart i 1923 skipa som eit dotterselskap og fekk namnet A/S Jarl. Same året la Rieber ned skofabrikken med same namn i Trondheim og flytta utstyret til Dale. Talet på tilsette kom dermed opp i kring 50. I 1936 hadde Jarl 80 tilsette, og produserte 5000 par sko i året.

Første kvinneleg industrileiar

Kort tid etter starten av Jarl i 1911 vart Thora Wettergren tilsett som disponent ved Dale Kloggfabrikk, og vart dermed den første kvinnelege industrileiaren i Sogn og Fjordane. Thora var ei initiativrik kvinne: Ho hadde tidlegare starta sommarpensjonatet «Skovly» på Yksnebjør-garden, og greidde mellom andre gjeremål også å vere lærar ved Nikka Vonens jenteskule på Steia. Thora Wettergren leia fabrikken fram til 1918.

Krigstid, sabotasje og papirsko

Krigstid, sabotasje og papirsko

Under 2. verdskrig vart fabrikken pålagd å produsere militærstøvlar, belte og patronvesker for tyskarane, men arbeidarane utførte sin stillferdige sabotasje ved å stikke sylen gjennom sålelæret på ein god del av støvlane! I mangel på skikkeleg skinn og lær på slutten av krigen, måtte fabrikken nytte papir og fiskeskinn å framstille sko med.

Hjørnesteinsbedrift i Dalsfjorden

Hjørnesteinsbedrift i Dalsfjorden

A/S Jarl utvida fabrikken med to store fabrikkbygg på 1960-talet. På slutten av 1960-talet var det 220 tilsette ved skofabrikken, som dermed var den tredje største arbeidsplassen i Fjordane nest etter Ankerløkken skipsverft i Florø og smelteverket i Svelgen. I nokre år på 1960-talet dreiv A/S Jarl også fabrikkfilialar i Skifjorden i Hyllestad og i Førde, med 12-15 tilsette på kvar stad. Filialane dreiv med nåtling av ferdig utstansa materiale som vart sendt ut frå hovudfabrikken i Dale.

Den årlege produksjonen var på 290.000 par sko. Militærsko vart eit av dei viktigaste produkta både i Jarl- tida og for seinare eigarar av fabrikken. Ramstad Eskefabrikk leverte det meste av emballasjen til fabrikken i Dale, og bygde seg opp på dette.

I etterkrigstida dreiv Harald Dale ei lita kjellarbedrift der han framstilte lim til skoproduksjonen ved Jarl. Limen vart framstilt ved å løyse opp rågummi ved hjelp av flybensin!

Krise, omstilling og nedlegging

Krise, omstilling og nedlegging

På 1970-talet fekk den norske te-ko-industrien (tekstil, konfeksjon og sko) sterk konkurranse frå billege importvarer, og dei fleste fabrikkane gjekk konkurs eller vart nedlagde. Krisa råka også A/S Jarl i Dale. Den reduserte, men fabrikken greidde seg rimeleg bra til 1981. Då trekte Rieber-konsernet seg ut.

Rieber gav heile fabrikken med bygningar og utstyr gratis til Fjaler kommune og dei tilsette, som med mykje møye greidde å drive vidare inntil dei måtte gå til gjeldstingingar i 1983.

Clouds-perioden

Hjørnesteinen i Dale-samfunnet vakla, og med stor innsats m.a. frå kommunen fekk ein inn Oslo-firmaet Lars Usterud Svendsen A/S som ny hovudeigar 1983. Det tok over Dale-fabrikken under namnet AS Clouds of Norway. Dei starta med opptil 60 tilsette i Dale, men fekk vanskar, og hadde trappa ned til 30 tilsette då selskapet gjekk konkurs i 1986.

Dale Skofabrikk A/S

Stafettpinnen gjekk no over til selskapet Dale Skofabrikk A/S, som vart skipa i 1986 med skofabrikkane Per Dahl AS på Årås i Røyken kommune og Calif Skofabrikk i Drammen som viktigaste eigarar. Lokalt gjekk tidlegare produksjonsleiar Olav Hjelmås og ein del tilsette inn med litt aksjekapital.

Dale Skofabrikk AS starta med 25 tilsette og hadde planar om å auka til vel 50, men kom ikkje så langt. Fabrikken produserte m.a. selskinnssko og fritidssko under merka til dei to Austlands-fabrikkane, men også under det gamle produktmerket «Clouds».

I 1990 vart Calif-fabrikken lagt ned, og den attverande Per Dahl AS la same året all produksjon, marknadsføring og sal over til Dale. I 1996 tok Opseth-familien i Førde over fabrikken med Geir Opseth som disponent, men selskapet måtte til skifteretten i 1999.

Over til Dale Sko AS

Dale Sko AS vart skipa i april 1999 for å føre drifta vidare. Olav Hjelmås og andre tilsette fekk starthjelp av Fjaler kommune og entreprenør Andreas Hjelmeland frå Førde, som gjekk inn med aksjekapital. Verksemda har sidan hatt 16-18 tilsette og produsert bunadssko, fritidssko og vinterskolettar. Den held til i deler av dei gamle produksjonshallane etter Jarl-tida i Dale sentrum.

I 2006 kjøpte Stein Eilertsen alle aksjane i Dale Sko AS. Eilertsen driv også skobutikk i Dale sentrum.

Utflagging i 2011 og konkurs

I 2011 vedtok Dale Sko AS å flytte produksjonen av uniformsko blir flytta til Slovakia. Berre produksjonen av bundssko og sko av selskinn vart att i Dale. Det betyr at det berre var att ei handfull skoarbeidsplassar i Dale. I oktober 2011 vart Dale Sko AS slege konkurs. Den siste eigaren, Stein Eilertsen, kjøpte delar av maskinparken og flytta den til Voss, der han starta Voss skofabrikk AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2015