Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Sogns Iscompagni

Sogns Iscompagni er den store bygningen på venstre sida av elva. Vi ser renna der isblokkene vart tekne frå elva inn i ishuset. Frå huset gjekk det ei anna renne ned til utskipingskaia. Biletet er teke i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Torkjell Grimelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogns Iscompagni er den store bygningen på venstre sida av elva. Vi ser renna der isblokkene vart tekne frå elva inn i ishuset. Frå huset gjekk det ei anna renne ned til utskipingskaia. Biletet er teke i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Torkjell Grimelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Før moderne fryseteknikkar kom i bruk, måtte matvarer kjølast med naturleg is. Der tilhøva låg til rette for det - med rikeleg is frå ferskvatn like ved fjorden - utvikla det seg særleg frå midten av 1800-talet og utover ein stor produksjon av is.

Metoden var å skjære store firkanta isblokker av ferskvassis med spesielle issager og «isplogar». Isblokkene vart lagra i isolerande sagmask i spesielle ishus som vart bygde t.d. ved fiskemottaka og ved turisthotella. Når isen skulle nyttast, vart den lagt som «kjøleelement» i isskap der ein oppbevarte maten. Norsk is vart også eksportert i store mengder til Kontinentet og England. I toppåret 1898 vart det eksportert 1,5 millionar tonn is frå Noreg til England.

Einskilde stader, som i fiskerikommunane Solund og Vågsøy på kysten, vart det bygt demningar for å samle mest mogeleg ferskvatn til isproduksjon. Både hjå Rumohr i Frønningen, i Barlindbotn ved Flora, i Hopsvatnet i Hyen, Hornindalsvatnet, Strynevatnet og andre vatn i indre Nordfjord som hadde kort veg til fjorden, vart det skore mykje is.

Dette biletet er teke mot Eidsvatnet. Vi ser transportrenna for isblokker. Ukjend fotograf. Eigar: Torkjell Grimelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette biletet er teke mot Eidsvatnet. Vi ser transportrenna for isblokker. Ukjend fotograf. Eigar: Torkjell Grimelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Isanlegget i Skjolden størst

Det var likevel i Skjolden at isproduksjonen fekk størst omfang. Her er det berre nokre få hundre meter frå Eidsvatnet og ned til kaia ved fjorden.

Rekonstruksjon av arbeidet med å ta opp isblokker. Foto: Magne Helge Sleire.

Rekonstruksjon av arbeidet med å ta opp isblokker. Foto: Magne Helge Sleire.

1893 vart Sogns Iskompagni skipa. Det vart eit av dei største i landet, og var i drift til 1913. Bak selskapet stod forretningsfolk i Bergen. Eit par av dei hadde slektsband til Luster. Hans Hess Pederson Klingenberg (1874-1938) frå Lærdal var disponent. Iskompagniet vart askjeselskap i 1898. Frå Eidsvatnet vart isblokkene dei første åra frakta ned til kaia på hesteslede og lagra i store sagmaskbingar der.

Ishuset

I 1898 vart det bygt eit stort ishus omlag midt mellom vatnet og fjorden. Dette var ein kjempestor trebygning - 100 meter lang, 30 meter brei og 20 meter høg. Det meste av sagmasket som skulle nyttast i lagerhuset, vart levert frå Rumohr-godset i Frønningen. Rumohr sin eige isproduksjon i Frønningen vart selt gjennom Sogns Iskompagni.

Isblokkene vart no sende i ei trerenne frå vatnet og ned til ishuset, og ei ny trerenne frakta isen frå lagerhuset til kaia når blokkene skulle skipast ut.

I 1900 bygde Sogns Iskompani den første kraftstasjonen i Luster for å skaffe lys i bygningane sine. Kraftstasjonen var i drift til 1917.

Iseksport

Det meste av isen gjekk til kundar i Bergen, men Iskompaniet hadde også ein stor eksport til England, Danmark og Tyskland. Også dei store, nye turisthotella i Sogn, som t.d. Kviknes Hotell i Balestrand, kjøpte mykje is frå Skjolden.

Dei beste driftsåra hadde Iskompaniet kring hundreårsskiftet, men isproduksjonen varierte sterkt frå år til år, og i 1915 vart A/S Sogns Iskompagni slege konkurs.

Is frå Skjolden til Måløy

Det store ishuset vart selt på auksjon i 1917 og rive kring 1920, men tuftene viser enno ved elva - like ved der den freda bensinstasjonsbygningen ligg.

Is frå Skjolden til Måløy

I 1932 kom Måløy-firmaet Kvalheim & Co./A.O. Osmundsvaag til Skjolden for å skjære is. Fiskemottaket fekk vanlegvis isen frå Nordfjord-vatna, men måtte denne vinteren hente isen i Sogn. Måløy-firmaet brukte motorsag for skjæring av isen, og når skuta til Måløy skulle lastast, var 20-30 mann frå Skjolden med på sjauinga.

Men frakta frå Sogn til Måløy var lang, og i 1937 valde Måløy-firmaet å ta isen frå Hopsvatnet i Hyen i staden. Der bygde Kvalheim & Co/A. O. Osmundsvaag seinare eit ishus, og dreiv isskjæring der heilt fram til kring 1949.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011