Hopp til innhold
X
Innhald

AS Solunder Preserving

Indrevær, der AS Solunder Preserving fekk ei kortvarig historie. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Indrevær, der AS Solunder Preserving fekk ei kortvarig historie. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Etikett for fiskebollar i kraft frå Solunder Preserving.

Etikett for fiskebollar i kraft frå Solunder Preserving.

AS Solunder Preserving Co – Ytre Sogn – Norwegen vart starta i 1898 av Hans Søreide. Søreide hadde gått i lære i Bergen før han starta eigen fiskematproduksjon. Truleg samarbeidde han med Lars Sørensen som hadde gått på industriskule i Stavanger og hadde lært seg kunsten å lodde hermetikkboksar.

Fabrikken låg på Indrevær i Ytre Solund og produserte fiskebollar, men hadde svært lite omfang og dårleg med kapital. Produksjonen vart lagd ned etter kort tid.

Men Hans Søreide skulle seinare verte ein av dei retteleg store i norsk hermetikkindustri. I 1910 vart han medskipar av både Moldøen Canning Co. og Firda Canning Co i Vågsøy. Der vart han også ordførar. Seinare flytta Hans Søreide til Ålesund og grunnla Møre Preserving Co.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010