Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Fisk & Fiskematforretning

Fiskebilen til Askvoll Fisk & Fiskematforretning.  © Fylkesarkivet.

Fiskebilen til Askvoll Fisk & Fiskematforretning. © Fylkesarkivet.

vart grunnlagt i 1945 av Lars Bauge. Lars hadde alt i 1942 starta fiskehandel i Askvoll. Seinare kom broren Anfinn og Lars sin son Leif med i verksemda. Dei dreiv fiskemottak og produksjon av fiskemat som dei m.a. selde frå eigen fiskebil som dei kjøpte i 1947.

I 1957 bygde Askvoll Fisk & Fiskematforretning eige produksjonsanlegg med kai, oljelager og butikk. Notbøtehallen i anlegget vart nytta av bygdefoklke som festlokale heilt til kommunesenteret fekk samfunnhus. Ei tid tok dei også imot pigghå, og for å ise fisken, skar Bauge-karane isblokker i ein dam i grustaket på Ringstad. I 1952 kjøpte dei seg ei skøyte som gjekk i rute innover fjorden for å kjøpe laks frå kilenotfiskarane.

Firmaet vart lagt ned i 1974, og Norbest Canning & Co. (sjå Askvoll Canning Co. A/S og Askvoll kommune kjøpte eigedomen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011