Faktaboks

Administrasjonssenter
Askvoll
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 951 (2022)
Landareal
313 km²
Høgaste fjell
Blægja (1305 moh.)
Innbyggjarnamn
askvolling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4645 (frå 01.01.2020, tidlegare 1428)

Kommunevåpen

Kart: Askvoll kommune i Vestland
Askvoll kommune i Vestland fylke.
Kart: Askvoll kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Askvoll (strandparti)

Askvoll. Strandparti med Askvoll kyrkje i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Askvoll er ein kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen omfattar områda mellom Dalsfjordens og Førdefjordens ytre del og øyene utanfor.

Askvoll kommune grensar til Sunnfjord i aust. Nord for Førdefjorden ligg Kinn, og på andre sida av Dalsfjorden i sør ligg Fjaler.

Den noverande kommunen blei i hovudsak danna i 1964, då områda langs sørsida av Førdefjorden blei innlemma frå dei tidlegare kommunane Bru og Vevring. I 1990 blei Askvoll sitt område sør for Dalsfjordens munning overført til Fjaler kommune, medan eit område nord for Dalsfjorden blei overført frå Fjaler til Askvoll.

Natur

Askvoll med Atløy i bakgrunnen.

Askvoll

Størstedelen av Askvoll ligg på Askvollhalvøya. Vest for halvøya ligg større og mindre øyar, der den største er Atløy. Lengst ute ligg Værlandet og Bulandet. Eit stort område på den sørvestlege delen av Værlandet er freda som Sørværet naturreservat. Nord for Værlandet ligg Alden.

Berggrunnen i Askvoll er for ein stor del sett saman av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Over dette grunnfjellet ligg kambrosiluriske sediment, som dominerer fjordbreddene på sørsida av Førdefjorden og nordsida av Dalsfjorden og øyane. Vidare finst overskovne kaledonske og harde, skrinne devonske bergartar som tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Devonbergartene dannar dei høgaste partia i kommunen på halvøya mellom Dalsfjorden og Førdefjorden. Høgaste punkt er Blægja på 1304 meter over havet. Strandflata har ei avgrensa utbreiing.

Busetnad

Busetnaden i Askvoll ligg ved botnen av bukter og viker, men også langs fjordsidene, der det finst blautare kambrosiluriske bergartar og dyrkbar jord. Administrasjonssenteret til kommunen er Askvoll, som ligg på fastlandet med Atløy utanfor.

Den eldste delen av tettstaden oppstod i 1880-åra. Etter at det kom ny kai på Kråkeholmen i 1956, er sentrum flytta lenger aust med ny busetnad i Prestemarka og Storehaugen. Ved Dalsfjorden ligg tettgrenda Holmedal. Kommunen har negativ befolkningsvekst, noko som er forventa å halde fram mot 2050.

Kart over Askvoll kommune
Kart over Askvoll kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket er basert på mjølkeproduksjon og sauehald, og jordbruksarealet består hovudsakleg av dyrka og udyrka eng. På øyane er fiske, som går føre seg i nærområde, av stor betydning.

Industrien sysselset 14 prosent av dei yrkesaktive i kommunen (2001). Industrien blir dominert av metallvareindustri (knivproduksjon) og næringsmiddelindustri (fiskeforedling). Hermetikkfabrikken, som vart driven i åra 1919 til 1993, var hjørnesteinsbedrift i bygda. Kommunen har òg sommarturisme.

Askvoll er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 71 gigawattimer (GWh) per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen, med største fallhøgde på 90 meter.

Samferdsel

Havna og sentrum i Askvoll.

Askvoll

Askvoll har samband med resten av fylket på fylkesveg 57 langs Førdefjorden. Dalsfjordbrua er ei veibru over Dalsfjorden som ein del av Dalsfjordsambandet på fylkesveg 609 som opna i 2013. Vegstandarden er moderat, særleg på øyane. Frå fastlandet er det ferjesamband med Atløy på fylkesveg 608, Værlandet og Bulandet. Hurtigbåt til Bergen og Florø.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Askvoll høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Fjaler, Hyllestad og Solund.

Askvoll kommune svarer til soknet Askvoll i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Askvoll til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Askvoll

For statistiske formål er Askvoll kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Nordsida: Askvoll, Ask, Olset, Strømmen, Stongfjorden, Stubseid, Vågane, Gjelsvik, Rørvik, Vårdal, Holmedal/Bakke, Rivedal
  • Øyane: Kumle, Høyvik, Herland, Vilnes, Værlandet, Bulandet

Historikk og kultur

Vilnes kyrkje.

Vilnes kyrkje

Av .
Lisens: CC BY 2.0

På Atløyna og Staveneset er det store helleristingsfelt. Ved Leirvåg på Atløy ligg det eldste kjende helleristningsfeltet på Vestlandet. I Askvoll sentrum har det lege prestegard og kyrkje sidan mellomalderen, men dagens kyrkje er frå 1863. I kommunen ligg òg Vilnes kyrkje, ei vakker trekyrkje frå 1600-talet.

Det har tidlegare vore gruvedriftkopar i Grimelid ved munningen av Førdefjorden. Det var drift der i tre periodar mellom 1759 og 1920. Ved Stongfjorden låg Nordens første aluminiumverk i perioden 1908–1945. Frå Rivedal kom Ingolv Arnesson, den første landnåmsmannen som tok varig bustad på Island i 874. I Reykjavik er det reist ei stor statue av Ingolv Ørnsson, og i 1961 vart det sett opp ein kopi i Holmedal.

Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og ho dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har eit utskrådd gjennombora sølvkors mot grøn bakgrunn. Motivet viser til steinkrossen i Korssund frå tidleg mellomalder, som det er knytt ei segn om Olav den heilage til.

Namn

Namnet er etter garden Askvoll, norrønt Askvǫllr, og er samansett av trenamnet ‘ask‘ og ’voll, grasgrodd slette’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flokenes, Kåre: Stadnamn i Askvoll, 1999.
  • Follevåg, Arvid A.: Askvoll: Kommunesenteret ved Sunnfjordleia, 2006.
  • Loftheim, Abraham og Svein Åge Knudsen: Askvoll bygdebok, 1963-, 3 bind i 4.
  • Losnegård, Gaute: Dalsfjordboka: Frå Gaularfjellet til Bulandet, 1999.
  • Losnegård, Gaute: Havfolk og fjordfolk: Allmennsoge for Askvoll, 2009.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg