Hopp til innhold
X
Innhald

Atlantic Seafish AS

Polarbris er ein av dei to linebåtane til Atlantic Seafish AS. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Polarbris er ein av dei to linebåtane til Atlantic Seafish AS. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Atlantic Seafish AS fiskebåtreiarlag vart starta i 1997. Eigarane er Kåre Furnes, Jonny Terje Årvik, Kjell-Gunnar Hoddevik, Tore Jarl Johansen og Førde Havfiske. Selskapet eig dotterbedriftene Atlantic Longline AS og Polarbris AS med linebåtane «Atlantic» og «Polarbris». I 2013 vart "Polarbris" seld til eit islandsk reiarlag.

Reiarlaget hadde før dette salet bortimot 60 tilsette og omsette for vel 80 millionar kroner. Det meste av fisket skjer i Barentshavet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013