Hopp til innhold
X
Innhald

Atlantic Seafood AS

Polarbris er ein av dei to linebåtane til Atlantic Seafish AS. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Polarbris er ein av dei to linebåtane til Atlantic Seafish AS. Foto: Norsk Skipsfarts Forum.

Atlantic Seaish AS fiskebåtreiarlag vart starta i 1997. Eigarane er Kåre Furnes, Jonny Terje Årvik, Kjell-Gunnar Hoddevik, Tore Jarl Johansen og Førde Havfiske. Selskapet eig dotterbedriftene Atlantic Longline AS og Polarbris AS med linebåtane «Atlantic» og «Polarbris». Reiarlaget har bortimot 60 tilsette og omset for vel 80 millionar kroner. Det meste av fisket skjer i Barentshavet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.02.2013