Hopp til innhold
X
Innhald

August Ytre-Eide

Ytre-Eide Sport. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ytre-Eide Sport. Foto: Ottar Starheim, NRK.

starta sportsforretning og bilverkstad i Stryn i 1926.

I 1934 bygde han eige forretningsbygg og dreiv også sal av bensin, bildekk og radioar i tillegg til sportsartiklar. Han dreiv også vulkaniseringsverkstad.

August Ytre-Eide var mannen bak det årlege Strynefjellsrennet som starta i 1937. – Sjå Alpint på Strynefjellet frå 1937. Då August døydde i 1960, dreiv ektemaken Gerd forretninga fram til sonen Per Ytre-Eide overtok i 1966.

Forretningsbygget vart mykje utvida i 1962, og mykje av arealet vart leigd ut som lager til Hansa Bryggeri. Ytre-Eide dreiv radio- og TV-forretning og bensinstasjon fram til 1980, og har sidan drive rein sportsbutikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009