Hopp til innhold
X
Innhald

Aurobåt AS

Måløy Verft med Aurobåt AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Verft med Aurobåt AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aurobåt AS vart starta i Skavøypollen i 1995 av Evald Bortne, Agnar Kupen og båtkonstruktøren Ola Lilloe Olsen. Bortne og Kupen hadde tidlegare arbeidd på plastbåtfabrikken West Products AS i Blålid.

Aurobåt leigde lokale i ein nybygd fabrikkhall på Måløy Verft sitt område i Skavøypoll. Der starta dei produksjon av m.a. skyss- og rutebåtar i plast- og glasfibermateriale etter den såkalla sandwich-metoden. I 2007 hadde Måløy Verft 22 tilsette og ei omsetning på 32 millionar.

I 2001 vart Aurobåt kjøpt opp av Måløy Verft. Båtbyggeriet byggjer framleis skyss- og rutebåtar i sandwich-materiale og har i 2008 rundt 20 tilsette, i tillegg til innleigd arbeidskraft.

Med dei siste utvidingane som vart gjort med ein ny fabrikkhall i 2008, disponerer Måløy Verft i dag nærare 4000 kvadratmeter produksjonslokale i Skavøypoll, i tillegg til ei 120 meter lang djupvasskai.

- Les elles meir om Måløy Verft i artikkelen: Forretningsfamilien Sætremyr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.01.2010