Hopp til innhold
X
Innhald

Autokarosseri A/S

Autokarosseri, no Toyota Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Autokarosseri, no Toyota Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Autokarosseri A/S vart starta i Førde i 1976 av Trygve Ekreskar frå Hyllestad. Dei første åra dreiv Autokarosseri som rein reparasjonsverkstad, men i 1979 fekk Ekreskar agenturet på bilmerket Toyota som Lasse Grønfur og seinare bergensfirmaet Jæger tidlegare hadde forhandla i Sogn og Fjordane.

I 1988 kjøpte Autokarosseri eit stort forretningsbygg på Halbrendsøyra som Hjelmelands-familien (sjå artikkelen: Forretningsfamilien Hjelmeland) tidlegare hadde nytta til trelast- og byggevareforretninga Førde Bruk. Denne bygde Ekreskar om til verkstad og bilforretning.

I 1993 overtok Ekreskar sin svigerson, Rolf Smedsrud, som dagleg leiar. I 2007 overtok bergensfirmaet Jæger Automobil Førde Autokarosseri og vart dermed på nytt Toyota-forhandlar i Sogn og Fjordane.

I 2007 endra firmaet namn til Toyota Førde AS, og det vart i 2009 selt til Måløy-firmaet Toyota Nordfjord AS i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009