Hopp til innhold
X
Innhald

Autoservice AS

Autoservice AS i Kusslia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Autoservice AS i Kusslia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Autoservice AS bilforhandlar vart starta i 1966 av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik. Same året bygde firmaet verkstad i Kusslia ved Movatnet, der firmaet har halde til sidan.

Etter nokre år tok Per Einevoll over som eineeigar. Før han fekk agenturet på det italienske bilmerket Fiat, hadde han i mange år selt Fiat for eit firma i Florø.

I 2003 vart Autoservice overteke av Per Einevoll si dotter Jorunn Einevoll og svigersonen Per Seljeseth.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010