Hopp til innhold
X
Innhald

Balvolls Planteskule

Frå Balvolls Planteskule på 1920-talet. Arne Balvoll er mannen med vest fremst til venstre. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå Balvolls Planteskule på 1920-talet. Arne Balvoll er mannen med vest fremst til venstre. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Prislista til Balvolls Planteskule i 1914.

Prislista til Balvolls Planteskule i 1914.

Balvolls Planteskule vart starta i Vik i 1887 av Arne Balvoll , først med frukt- og bærbuskar, men frå 1901 også med granplantar.

Planteskulen vart ein av dei store leverandørane av granplantar i dei store åra for skogreising på Vestlandet i første halvdel av 1900-talet.

I 1926 overtok sonen Ingvald Balvoll. Planteskulen hadde frukttre, bærbuskar og rosetre fram til 1941, men etter den tid dreiv planteskulen berre produksjon av skogstre for Sogn og Fjordane Skogselskap.

Planteskulen hadde ein årleg produksjon på opptil 400.000 skogstre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2011