Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar i Førde

Hovudkvarteret til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudkvarteret til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sparebank

- sjå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sunnfjord Sparebank

- sjå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bergen Bank

skipa avdelingskontor i Førde 1970. Kontoret heldt første åra til i Bergegården, men bygde i 1984 eige bygg. Bergen Bank vart seinare fusjonert i Den norske Bank, som seinare har fått namnet DnB NOR. I 2010 flytta bankfilialen i Førde over Langebrua og inn i det då nybygde Storehagen Atrium. Same året gjekk Postbanken sine filialar i Sogn og Fjordane inn i DnB NOR.

Den norske Bank

- sjå Bergen Bank.

DnB NOR bygde avdelingskontoret sitt ved E39, men i 2010 flytta banken inn i nye lokale i Storehagen Atrium (sjå foto nedst på sida). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

DnB NOR bygde avdelingskontoret sitt ved E39, men i 2010 flytta banken inn i nye lokale i Storehagen Atrium (sjå foto nedst på sida). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandsbanken

skipa avdelingskontor i Førde i 1982, med kontor i Bergehallen. I 1987 vart Vestlandsbanken innlemma i Fokus Bank. I 2007 kjøpte Sparebanken Vest opp alle Fokus-filialane i Sogn og Fjordane, også den i Førde.

Fokus Bank

- sjå Vestlandsbanken.

Postsparebanken

Postsparebanken

starta utlånsavdeling i Førde 1987. Banken er seinare omskipa til Postbanken. Men i 2010 gjekk Postbanken sine filialar inn i DnB NOR.

Postbanken

- sjå Postsparebanken.

Sparebanken Sogn og Fjordane

vart skipa i 1988.

Kreditkassen

opna avdeling i Førde i 1996. I 2000 vart Kreditkassen slegen saman med den nordiske storbanken Nordea, som elles i fylket har avdelingar i Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Sandane og Florø.

Nordea

bank i Førde - sjå Kreditkassen.

Lokala til Sparebanken Vest i Handelshuset i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lokala til Sparebanken Vest i Handelshuset i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Vest

oppretta avdelingskontor i Førde i 2001. I 2007 overtok Sparebanken Vest alle Fokus Bank-avdelingane i fylket, også den i Førde. Sjå elles i artikkelen Sparebanken Vest om banken sine kontor elles i fylket.

Gjensidige Bank

skipa med hovudkontor i Førde i 2006 – sjå og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Såkornfondet

er namnet på eit halvoffentleg investeringsfond for nyskaping innan næringslivet i typiske utkantkommunar. Fondet si avdeling for Sør- og Vestlandet vart i 2006 lagt til Førde, og fekk frå starten kring 197 millionar kroner til rådvelde. Av dette gjekk Staten inn med 134 millionar - resten kjem frå private finansinstitusjonar.

Sparebank1 Midt-Norge

opna filial i Førde i 2008.

Sparebank1 Midt-Norge har kontora sine i Storehagen Atrium, som er bygd der meieriet i Førde stod. Også DnB NOR har filial i bygningen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebank1 Midt-Norge har kontora sine i Storehagen Atrium, som er bygd der meieriet i Førde stod. Også DnB NOR har filial i bygningen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Warren Bank AS

opna meklaravdeling i Førde i 2010. Warren Bank er ein investeringsbank, og vart den første slike banken som etablerte seg i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.12.2010