Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar i Sogndal

Sparebanken Vest, tidlegare Sogndal Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Vest, tidlegare Sogndal Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Sparebank

Sogndal Sparebank vart skipa i 1841 som den første sparebanken i i fylket, og den første bygdebanken på Vestlandet. I 1989 gjekk Sogndal Sparebank inn i Sparebank1 Vest.

Sparebank 1 Vest

frå 1990 - sjå Sogndal Sparebank.

Sparebanken Vest

- sjå Sogndal Sparebank.

Styret i Fjærland Privatbank på slutten av 1920-talet. Framme frå venstre: Anders T. Mundal, Anders J. Bøyum og Kjell Mundal. Bak: Johannes H. Bøyum, Markus Ødejord og Olav P. Horpedal. Ukjend fotograf. Eigar: Anders J. Bøyum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fjærland Privatbank

vart skipa i 1916 m.a. etter opptak frå seinare stortingspresentant Anders J. Bøyum. Han var i mange år leiar i banken. Seinare overtok sonen Johannes A. Bøyum, og var banksjef då den vesle privatbanken gjekk inn i Vestlandsbanken i 1972. Seinare gjekk Vestlandsbanken inn i Fokus Bank. Bankavdelinga vart lagt ned i 1998.

Vestlandsbanken

starta avdeling i Sogndal i 1972. Den gjekk inn i Fokus Bank i 1987.

Fokus Bank

frå 1987 - sjå Vestlandsbanken ovanfor.

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Sparebank

skipa 1971, opna avdeling i Sogndal i 1996. Les meir om Indre Sogn Sparebank under Årdal kommune.

Sparebanken Sogn og Fjordane

starta avdeling i Sogndal i 1999. Les meir om Sparebanken Sogn og Fjordane under Førde kommune.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.08.2011