Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar og trygdelag i Flora

Bankbygget som Sparebanken Flora-Bremanger reiste i Florø i 1985 og som no er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygget som Sparebanken Flora-Bremanger reiste i Florø i 1985 og som no er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kinns Sparebank

Skipa 1862. Distriktslege Ude J. Høst var første styreformann. Banken hadde lenge lokale i Kinn kommunehus, som låg like ved den gamle bygrensa til Florø.

Kinn Branntrygdelag

vart skipa i 1901.

Fjordenes Kreditbank A/S

vart skipa i 1902 med ein aksjekapital på 100.000 kroner.

Sparebanken Flora-Bremanger

vart skipa i 1971 ved samanslåing av Kinns Sparebank og Bremanger Sparebank (skipa 1898). I 2003 vart banken slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fokus Bank

i Florø frå 1987 - sjå Fjordenes Kreditbank A/S.

Nordea held til på Kolkaia i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordea held til på Kolkaia i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kreditkassen

etablerte avdeling i Florø i 1997. Frå 2000 er banken slegen saman med den nordiske storbanken Nordea.

Nordea

- sjå Kreditkassen.

Sparebanken Sogn og Fjordane

skipa avdeling i Florø i 2000. Sjå også under Sparebanken Flora-Bremanger om samanslåinga av desse bankane i 2003. Sjå og Fjordenes Kreditbank A/S.

Sparebanken Vest

opna avdeling i Florø i 2006 ved Fugleskjerkaia. I slutten av 2006 kjøpte Sparebanken Vest opp alle Fokus Bank-avdelingane i Sogn og Fjordane, også Florø-avdelinga i Magnus Thingnes gate 2. Dette gjorde at banktenestene til Sparebanken Vest i Florø vart samla der i 2007. I 2012 tok banken i bruk nye lokale då Hornehuset frå 1870 vart bygt saman med ei sjøbu med eit nybygg mellom, Horne Brygge.

I denne bygningen etablerte Sparebanken Vest seg i Florø. Då banken overtok avdelingane til Fokus Bank vart banktenestene samla i Magnus Thingnes gate 2. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen etablerte Sparebanken Vest seg i Florø. Då banken overtok avdelingane til Fokus Bank vart banktenestene samla i Magnus Thingnes gate 2. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.12.2012