Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar og trygdelag i Gulen

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ladviks Sparebank for Brekke og Lavik

Ladviks Sparebank vart skipa i 1882. Men det var spenningar i dåverande Lavik kommune mellom to jamnstore lutar på kvar si side av fjorden.

Gulen Sparebank

vart skipa i 1886 med kontor på Midtun i Eivindvik. Dei første åra var banken open berre annankvar laurdag, men frå 1893 vart det ope kvar laurdag. I 1901 vart kontoret flytta til gamle kommunehuset i Eivindvik, og i 1939 bygde sparebanken eige bygg.

Gulen Sparebank gjekk inn i Sunnfjord Sparebank i 1984, og frå 1988 i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Eivindvik delar hus med lensmannskontoret. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Eivindvik delar hus med lensmannskontoret. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik og Brekke Brandtrygdelag

vart skipa i 1890.

Gulen herreds Brandassuranceforening

seinare Gulen Branntrygdelag vart skipa i 1891. Før den tid hadde folk i Gulen forsikra bygningar i Lindås Branntrygdelag. Då det dukka opp eit konkurrerande branntrygdelag i Gulen, truga Lindås Branntrygdelag med utpanting dersom folk som hadde forsikringane hos dei, ikkje betalte premien. Men trugsmålet for å få konkurrenten av banen førte ikkje fram.

Sparebanken Sogn og Fjordane

- sjå Ladviks Sparebank for Brekke og Lavik 1882 og Gulen Sparebank 1886.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010