Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar og trygdelag i Luster

Luster Sparebank i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Luster Sparebank i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår.

Hafslo Sparebank

Ved hundreårsskiftet var Hafslo Sparebank den sjette største sparebanken i fylket, og med den klårt største formuen.

Luster Sparebank

Luster Sparebank vart slegen saman med sparebankane i Jostedalen og Hafslo til Luster Sparebank i 1975.

Hafslo tidleg ute med branntrygdelag

Hafslo vart etter Aurland kommune den andre kommunen i Sogn og Fjordane som prøvde seg på skiping av eit lokal branntrygdelag. Det skjedde i 1865. Dette året fekk eit lag i Hafslo løyve frå departementet, men det er uklårt kor stor aktivitet laget hadde. Først i 1904 fekk Hafslo eit branntrygdelag som varde - då «Hafslo prestegjælds gjensidige brandforsikringsforening» vart skipa (sjå nedst på sida).

Jostedals Sparebank

Jostedals Sparebank

vart skipa i 1895. På same vis som i Lærdal og Eid, var grunnfondet for banken skipa av midlar som var att etter eit statleg kornmagasin i dalen.

Luster Branntrygdelag

- «Lyster Herreds Brandforsikringsselskab» - vart skipa i 1897, med kommunestyret som konstituerande generalforsamling, og med Melkior M. Røneid som første styreleiar.

Hafslo prestegjæld gjensidige brandforsikringsforening

- seinare Hafslo Branntrygdelag - vart skipa i 1904 etter opptak frå kommunen. Branntrygdelaget dreiv i nær kontakt med den svært solide Hafslo Sparebank - Jostedal kommune vart utan eige branntrygdelag, og mange i dalen vart difor kundar i branntrygdelaget i Hafslo. Det første forsøket på i skipe ei lokal brannforsikringsordning vart gjort så tidleg som i 1865. Dette laget vart godkjent av departementet, men kom truleg ikkje i drift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011