Bankar og trygdelag i Vågsøy

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige held til i det tidlegare postbygget i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Selje Brannkasse
vart skipa i 1895. Dette branntrygdelaget dreiv forsikring i heile dåverande Selje kommune, der Vågsøy var med.
Ytre Nordfjord Branntrydelag
– sjå Selje Brannkasse.
Gjensidige Sogn og Fjordane
– sjå Selje Brannkasse.
Ulvesund Kreditbank
i Måløy, skipa 1913, gjekk konkurs i krisetida 1929. I 1936 vart buet gjort opp, og det viste seg at innskytarane tapte mest all sparekapitalen sin.
Nordfjord Sjøassuranseforening
vart skipa i Måløy i 1916. I 1920 hadde dette selskapet ein forsikringssum på 1,6 millionar kroner. – Sjå elles Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag.

Sparebanken Vest i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Nord-Vågsøy Sparebank
vart skipa i 1917 med kontor på Raudeberg.
Vågsøy Sparebank
frå 1964 - sjå Nord-Vågsøy Sparebank.
Nordfjord Sparebank
frå 1971 - sjå Nord-Vågsøy Sparebank.
Sparebank 1 Vest
frå 1989 - sjå Nord-Vågsøy Sparebank.
Sparebanken Vest
- sjå Nord-Vågsøy Sparebank.
Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag
i Måløy, vart skipa i 1928 som eit gjensidig trygdeselskap for forsikring av fiskefarty og kystfarty.
Havtrygd
- sjå Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag.
Måløy Privatbank
vart skipa i 1929.
Bergens Privatbank
– sjå Måløy Privatbank.
Bergen Bank
– sjå Måløy Privatbank.
Den norske Bank
– sjå Måløy Privatbank.
DnB NOR Bank ASA
– sjå Måløy Privatbank.
Fiskernes Bank
etablerte avdeling i Måløy i 1982 med Arne Nore som første banksjef. Fiskernes Bank vart i 1984 fusjonert med Kreditkassen. Frå 2001 er Kreditkassen ein del av den nordiske storbanken Nordea.

Nordea har kontor i Fiskernes Hus i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Nordea
- sjå Fiskernes Bank ovanfor.
Sparebanken Sogn og Fjordane
starta avdelingskontor i Måløy i 2001.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.10.2011