Hopp til innhold
X
Innhald

Bærdyrking i havkanten

Frå Takle Planteskule får norske bringebærdyrkarar dei fleste plantene sine. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Takle Planteskule får norske bringebærdyrkarar dei fleste plantene sine. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 2. verdskrig og utover 1950-talet var det mange bønder - også ute ved kysten - som satsa på frukt- og bærdyrking.

Ein av desse var Johannes Bårøy, som i 1954-1955 planta ut 500 stikkelsbærtre på garden sin ved Brandangersundet. Han dyrka også jordbær og planta epletre. Bårøy samarbeidde med Statens sin forskingsstasjon på Fureneset (Forsøksgarden på Fureneset) om utvikling av plantevekster i kyststrok.

Bærlag

På slutten av 1920-talet skipa gardbrukarar på Brekke eit bærlag som organiserte felles sal av bær som vart sende til Bergen og England. Bæra vart pakka i fletta sponkorger som folk i bygda laga sjølve.

Sjå også om liknande bærhandel og korgefabrikasjon:

Sjå også om Anders Bertelson Hantveit, som kring 1900 planta ut 300 bærbusker på garden sin i Austgulen og starta eksport av bær til England.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010