Hopp til innhold
X
Innhald

Barn-Nett

vart skipa i 1996 av Tone Nisting Tenold for drift av ein stor barnehage på Tertnes ved Bergen.

I 1999 flytta ho og ektemaken Oddmar Tenold til Vik og utvida verksemda til m.a. utvikling av dataprogram for drift av barnehagar. Verksemda har i 2005 27 tilsette, av desse sju tilsette i Vik. I 2003 hadde Barn-Nett ei omsetning på 12,1 millionar kroner. Verksemda fekk Næringsprisen i Vik kommune i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008