Hopp til innhold
X
Innhald

Båtbygg A/S

Båtbygg. Foto: Stig Silden

Båtbygg. Foto: Stig Silden

Båtbygg A/S på Kapellneset på Raudeberg vart grunnlagt i 1949 av Abraham Kongsvik, Alf Sandvik og Alf Johnsen.

Verksemda har drive med reparasjon og vedlikehald av fiskebåtar, m.a. forlenging av fiskebåtar. Gunnar Carlson tok over som disponent på 1970-talet, og seinare også som eigar. Under hans leiing vart anlegget sterkt utvida og modernisert, m.a. med ein stor fabrikkhall. Båtbygg har vore eit føregangsverft i forlenging og ombygging av store fiskebåtar.

Båtbygg hadde i 2006 53 tilsette og ei omsetning på over 190 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010