Hopp til innhold
X
Innhald

Berge Sørbø

Søreide ca. 1940.

Søreide ca. 1940.

Berge Sørbø starta landhandel på Søreide på 1890-talet. Butikken hans låg på vestsida av Straumen, d.v.s. den korte elva mellom fjorden og Østerbøvatnet. I tillegg til butikk dreiv han også med geiter, hadde dampskipskai, vart postopnar eigde eiga jekt.

Då ”Store-Birje”, som han vart kalla, gjekk konkurs i 1905, drog han til Amerika. I 1909 kom han tilbake og kjøpte seg gard på Kvist nordanfor Sognefjorden. Her dreiv han stort med geiter. Villgeitene som går i fjellet mellom Lånefjorden og Nesjane, skal stamme i frå Store-Birje sin geiteflokk.

Bror til Berge Sørbø, Jens, starta handel på Thune i Ortnevik kring 1891.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009