Hopp til innhold
X
Innhald

Bergelaks på Byrknesøy

Oppdrettsanlegg ved Byrknes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Oppdrettsanlegg ved Byrknes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Birger Berge på Byrknesøy var ein av dei første som starta med oppdrett i Sogn og Fjordane, då han i 1960 stengde av ein poll på Lommansøy og sette ut regnbogeaure. Etter 2-3 års drift tok han i bruk sjømerde.

Bergelaks A/S

I 1983 kom Reidar Berge med som medeigar, og oppdrettet vart aksjeselskap under namnet Bergelaks AS. Anlegget vart i 1997 selt til Firda Fiskefarmer ved Ola Braanaas.

Les meir om oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010