Hopp til innhold
X
Innhald

Bergensmeieriet kjem inn

I 1958 kom Eivindvik Meieri i drift i kjellaren under Olav Midthuns butikk. Den mjølka som meieriet ikkje produserte og omsette lokalt, vart sendt til Bergensmeieriet. Meieriet i Eivindvik var i drift til 1967.

Frå 1967 overtok Bergensmeieriet Gulen som leveringsdistrikt, og det vart sett opp mjølkerute frå Brekke-området og Gulen til ein samlestasjon for mjølka ved ferjekaia på Duesund. Derfrå vart mjølka frakta til Bergen med tank-trailer frå Rutebilane i Brekke. Bygdene i Gulen gjekk over til gardstank for mjølk i 1978.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008